Roger Stangervåg og Heidi Lambach

Om arrangementet

Ei feiring av artistane Roger Stangervåg og Heidi Lambach og deira nye albumlanseringar!

Disse to artistane har sidan tidleg 2022 arbeida med å gje ut kvar sine singlar som no endeleg kjem samla på dei komande albuma deira. I tillegg vert det fleire nye ikkje-utgjevne låtar.

Artistane gjev ut separate album, men samarbeidar på nokre av låtane, som til dømes i duetten “Dag For Dag”.

Allereie tidleg i planlegginga vart ynskje til Roger om å halde ein felles dobbel lanseringskonsert på heimplassen Bømlo, i samarbeid med Heidi Lambach, fremja. No vert dette ein realitet.

28. september står dei på scena i Bømlo Kulturhus.

Stangervåg & Lambach med band, i samarbeid med det lokale koret Bømlo Kormix.

Bømlo Kormix er satt saman av nærare 30 medlemmar og kjem til å legge stemmene sine til mange av låtane og vil med dette fremje eit særs utfyllande og rikt vokallydbilde.

Bandet er vel kjent for dei aller fleste og består av:

Frode Kvandal Bass
Knut Erik Gilje Trommer
Håkon Tolås Tangenter
Andreas Södergran Elgitar
Oddgeir Røssland Kassegitar

Konserten startar klokka 20.00.

Etter konserten vert det vidare feiring i den flotte foajeen med underhaldning utover kvelden. Her legg Bømlo Kormix og andre gjesteartistar opp til musikalsk hygge, samt at det sjølvsagt vert tid til samtale og heving av glas.
Kvelden kan verta lang og det vert difor mogleg å kjøpa småretter, for som ordtaket seier “Gleda har sjeldan selskap av tom mage”

Me ynskjer med dette alle dykk varmt velkomne til denne heilaftens musikalske feiringa og håpar at du ynskjer å ta del i denne - Saman med oss.

Billettprisen du betaler for denne kvelden inkluderer både konsert og vidare feiring i foajeen.

Hjarteleg velkomne skal de vera til dobbel lanseringskonsert 28.september!