Verdensdagen 2021: SKAAR

Mental Helse Bømlo markerer Verdensdagen for psykisk helse med konsert i Bømlo kulturhus med SKAAR 10. oktober og føredrag med motivator og realitystjerne Geir Aker, også kjend som Fenriken, 2. november.

Hilde Skaar er oppvaksen på Stord, men er også godt kjent på Bømlo. Me er difor både stolte og glade for at ho no tek turen «heim» saman med bandet sitt. Popartisten er Spellemannsprisnominert med millionar av streams og vert stadig meir anerkjend i både inn og utland. Med låtar som ‘The Other Side of Waiting’ og hiten ‘Higher Ground’ lovar me ein flott musikalsk oppleving i Bømlo kulturhus. 


Konserten er 10. oktober og startar 20:00. Billettar kostar 300 kr. 



Om arrangementet 2. november: 


Fenriken Geir Aker har sjarmert mange TV-sjåarar med si rolle i realitysuksessen Kompani Lauritzen!


Med disiplin og tydelighet leia han deltakarane gjennom ulike utfordringar, både fysiske og psykiske.


Geir deler av kunnskapen frå si erfaring gjennom 10 år i forsvaret. Han har utdanna både soldatar og leiarar og fortel at disiplin, meistring og utvikling let seg overføra til det sivile.


Foredraget startar 02. november 20:00. Billettar kostar 200 kr.



Verdensdagen for psykisk helse vart oppretta i 1992 då World Federation for Mental Health (WFMH) sette 10. oktober som ein dag for å fremja kunnskap om psykisk helse i heile verda. Dagen vert markert i meir enn 150 land på ulike måtar.

Billettar til Verdensdagen 2021: SKAAR

  1. Søn 10. okt kl 20:00 Storsalen Konsert Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_