Seglem Trio

KARL SEGLEM saksofon, bukkehorn

HÅKON HØGEMO hardingfele

KÅRE OPHEIM trommer


Saksofonist, bukkehornist, poet, plateselskapgründer med Norcd, og ein utøvar som har laga seg eit unikt prosjekt i tussmørkret mellom folkemusikk og jazz. Karl  Seglem er ein av våre fremste tenorsaksofonistar og bukkehornblåsarar, og er å rekna som ein institusjon i norsk musikkliv. Han har gjeve ut over 30 plater, og har utvikla eit sterkt personleg uttrykk der melodisk jazzimprovisasjon og norsk folkemusikk møtes i ulike besetningar. I 2010 vart han tildelt Buddyprisen, i 2012 skreiv han tingingsverket til Vossa Jazz. No kjem han att med nytt band saman med felespelar Håkon Høgemo – i seg sjølv ein akta utøvar og soloartist, og Kåre Opheim, kjend frå mellom anna Real Ones. 



Konserten blir arrangert i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter. 

Billettar til Seglem Trio

  1. Tys 20. apr kl 20:00 250/150 kr   Storsalen Konsert Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_