Riksteatret: Peer Gynt

Opplev Anders Baasmo som Peer Gynt i Ibsens meisterverk!

Riksteatret samlar nokre av landes beste skodespelarar i ein heilt ny versjon av Peer Gynt. Regissør Ole Anders Tandberg går tett på personane i Ibsens meisterverk. Kva skjer med vår oppfatning av Peer Gynt når me kjem tett på, heime i kjøkkenet hos Peer? Kven var han eigentleg, og kvifor flykta han alltid frå seg sjølv?

– Eg har alltid hatt lyst til å spela Peer Gynt, seier skodespelar Anders Baasmo. – Dersom me gjer det på den rette måten, trur eg at me kan komma nærare kjernen, nærare det stykket eigentleg handlar om. Eg håpar me kan laga ei førestelling som gjer at folk kan kjenna igjen meir av seg sjølv i Peer.

Anders Baasmo set seg i turnébussen saman med Gisken Armand, Ola G. Furuseth, Jan Sælid og Thea Lambrechts Vaulen.

Riksteatrets framsyning er eit spanande møte med Ibsen sin klassikar – ei framsyning for alle, anten du er Ibsen-kjennar eller møter Peer for første gong. 

--

På scenen
Anders Baasmo, Gisken Armand, Ola G. Furuseth, Jan Sælid og Thea Lambrechts Vaulen

Team
Regissør: Ole Anders Tandberg, Scenograf: Erlend Birkeland, Kostymedesigner: Maria Geber, Lysdesigner: Elisabeth Kjeldahl Nilsson, Komponist: Joel Sahlin, Dramaturg: Øyvind Berg og Produsent: Emnet Kebreab

Av Henrik Ibsen. Omarbeidd av Ole Anders Tandberg. Omsett av Øyvind Berg.

Lengde: 2 timar 20 minuttar (inkludert pause)

Produsert av Riksteatret

Billettar til Riksteatret: Peer Gynt

  1. Fre 11. sep kl 19:00 Storsalen Teater Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_