Riksteatret: Høna, egget og reven
Det er ikkje så gøy å vera Høna når Egget hennar plutseleg blir borte. Særleg ikkje når ho finn ein rev i reiret der Egget låg.
Riksteatret byr på ei nyklekt teaterførestelling for dei minste. Her møter du Høna, ei søt, sjølvopptatt og smånervøs eggemor. Og Reven, ein smart og sosial type. Saman legg dei av stad på jakt etter det bortkomne Egget. Det blir ei spanande og verdsomspennande reise.
Undervegs møter dei mange forunderlege eggspertar: Ei struttande og streng strutsemor, ein pertentleg og plettfri pingvinfar, ein hær hovudlause lus og ei kappande, kuttande krokodille-kokke. Høna prøveruger mange egg, men ingen av dei kjennest heilt rett.
Høna, egget og reven er ei morosam førestelling om vennskap, motgang, om å høyra til, og om barn som blir annleis enn foreldra hadde forventa. Ein hyllest til det uperfekte livet!
For barn frå 4 år og alle vaksne.
På scenen
Henrik Bjelland, Eirin Schou Fævelen, Ragnhild Gravem og Hans Norman Røine
Team
Regissør: Gunnar Eiriksson, Kostymedesigner, Scenograf: Kathrine Tolo, Scenograf, Videodesigner: Torbjørn Ljunggren, Scenograf, Lysdesigner: Elisabeth Kjeldahl Nilsson, Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen og Dramatiker: Nelly Winterhalder
Av Nelly Winterhalder
Forestillingslengde: 1 time (ingen pause).
Produsert av Riksteatret