16

Riksteatret: «Fuglane» av Tarjei Vesaas

Den som har møtt Mattis gløymer han ikkje. No skal ein ny generasjon få møta han.

I norsk etterkrigslitteratur står Tarjei Vesaas sin «Fuglane» som ein av våre viktigaste og mest markante romanar. Forteljinga om Mattis har bergteke stadig nye generasjoner like sidan boka vart utgjeven for første gong i 1957. 

Han er lett å bli glad i – Tusten, som han blir kalla i bygda. Me dreg kjensel på han, både hjå andre og i oss sjølve. Og likevel er det nettopp det at han er så annleis, så heilt seg sjølv, som gjer at han rører oss så sterkt – uansett kvar me finn oss sjølve i livet, skriv Riksteatret i sin omtale.

Pressa meinar:

- Modige valg og kraftfull Mattis
Dagsavisen (5)

- Mattis er veldig fint spilt av Tom Styve (…) virkelig bevegende
NRK

- En viktig forestilling som vi alle eier og burde se
Klassekampen

- En Mattis å bli glad i
Vårt Land

- Respektfull dramatisering av en norsk klassiker
VG

Mattis og storesystra Hege bur åleine og i svært enkle kår. Ho strikkar for å skaffa til livets opphald, men når Mattis tek seg ein jobb, går arbeidet gjerne i stå for han. Han lever mest i si eiga verd. Ein dag oppdagar han rugda som trekkjer over hustaket. Han kjem til å tenkja på seg sjølv som ein slik underleg fugl, og tolkar dette som eIt teikn på at noko skal skje. Ikkje lenge etter slår lynet ned i eitt av dei høge trea utanfor huset. Dét ser han òg som eit varsel – dei tretoppane har han kalla "Mattis-og-Hege". Og når tømmarhoggaren Jørgen dukkar opp, og får husrom hjå dei, og Hege og Jørgen etter kvart blir kjærastar, kjenner Mattis at heile hans liv er blitt forandra. Kva skal han gjera? Mattis kan ikkje tola eit liv utan Hege.

Fuglane er dramatisert og filmatisert ei rekkje gongar, både i Noreg og utlandet. Denne gongen presenterer Riksteatret Vesaas sitt meisterverk i ein heilt ny versjon. Den er laga av Lasse Kolsrud, som også har regien. Han har i seinare tid hatt ansvaret for fleire suksessar med Riksteatret, frå «Bikubesong» og «Førstereis» til «Kan nokon gripe inn». Han vil gje historia si unike blanding av robust forteljarglede og sorgmuntert alvor. 

På scenen
Lars Helge Throndsen, Ida Ursin-Holm, Tom Styve, Mads H. Jørgensen, Tore B Granås, Ingvild Holthe Bygdnes og Ane Ulimoen Øverli. 

Team
Regissør: Lasse Kolsrud. Scenograf: Milja Salovaara. Lysdesigner: Martin Myrvold. Komponist: Kjetil Schjander Luhr. Koreograf: Belinda Braza. Produsent: Emnet Kebreab 

Lengd: 2 timar 20 minuttar (inkludert pause)

I forkant av framsyninga inviterer Riksteatret til ein introduksjon om Tarjei Vesaas, "Fuglane" og kvifor det har blitt ein klassikar som rører oss i dag. Introduksjonen blir halden av dramaturg Tine Thomassen i kulturhuset 30 minuttar før framsyninga startar, og varer i 15 minuttar. Introduksjonen er gratis og open for alle.

_
_
_