Heine Totlands Jul for swingande!

Kom og swing jula inn med Heine Totland!

Velkomen til eit forrykande feelgood-show med Heine, Twang Gang og Styve Brass! 

Showet er bygd på ei rekke kjende og mindre kjende julelåtar frå 50-talsrocken. Dette blir såleis både ei reise i tid og stad, der juletradisjonane frå USA på det gylne 50-talet får sleppa fritt laus på scena. Her vert det høg showfaktor, musikalske opplevingar i frå øverste hylle og ikkje minst ekte, god gammal amerikansk julestemning. 

Heine Totland er ein ekte entertainer. Han har bakgrunn frå mangeårig arbeid på konsert- og musikalscener rundtom i landet og er mellom anna godt kjent i frå både Farmen, Stjernekamp og utallige samarbeid med andre kjende artistar. Denne kvelden inviterer Heine oss med inn i sitt autentiske 50-talsunivers med eit så innlevd uttrykk at du like gjerne kunne løyst billett til ei tidsmaskin. 


Twang Gang er eit av dei best etablerte rockabilly-banda her til lands. Dei har tusenvis av spelejobbar på samvitet frå 20 år på vegen og har spelt i kvar einaste tenkjelege krok av landet. Dette må vera det stødigaste kompet du kan få uansett sjanger, og denne kvelden skal dei attpåtil spela den musikken dei likar og kjenner aller best. 

Styve Brass
Dette er ei blåserekke i eliteklassen frå Evanger! Kanskje er det ein kombinasjon av dårleg internettilkopling og hyppige vegstengingar på E16 som gjer at eit av dei aller beste messingblås-miljøa i landet kunne oppstå der! Uansett så skal du leite lenge etter ei rekke som denne! Her får du heile artilleriet frå Evanger: Børge Styve, Jørn Styve, Hilde Vethe Styve, Solveig Andersen Styve, Åslaug Styve Mjånes, Jan Ove Mjånes, Ingrid Styve, Lars Arve Styve og Vemund Styve. 

Billettar til Heine Totlands Jul for swingande!

  1. Søn 21. nov kl 17:00 Storsalen Konsert Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_