Filmvisning og tidskapsel-lukking: Generation Corona – tidskapsel

Filmprosjekt om livet som ung i koronatid!

Gjennom heile skuleåret 2020/2021 hadde Moster 2024 filmprosjektet Generation Corona. Deltakarar er enkeltpersonar, grupper, klassar i Bømlo kommune - og på Shetland!


Nå er det endeleg tid for å sjå resultata og dela ut flotte premiar!


Generation Corona er retta mot ungdom og har som formål å skape ein arena for å utrykke seg om korleis livet artar seg i ein lockdown-situasjon. Intensjonen med prosjektet er å sette i gang refleksjonar kring verdisettet vårt, og om korleis eventuelt koronakrisa har utfordra desse, både ut i frå det individuelle perspektivet og ut i frå det kollektive. Målsettinga er å få ungdom til å skape små filmar, eventuelt andre kunstnarlege uttrykk som kan filmast. Prosjektet skal operere på digitale flater, noko som gjer prosjektet tilgjengeleg for bidrag utanfor regionen og Noreg. Dei ulike bidraga skal setjast saman til ein film med visning 1. november 2021.


Same kveld vil vi pakke ned utstillinga Generation Corona-tidskapsel som er å sjå 9.10-01.11 i foajéen i Bømlo kulturhus. Tidskapselen skal opnast opp igjen under riksjubiléet på Moster i 2024. Tidskapsel-prosjektet vart utvikla undervegs i Generation Corona-samarbeidet med Shetland.


Generation Corona er eit samarbeid mellom Moster 2024, Bømlo kommune, Bømlo kulturskule og Bømlo kulturhus.

Billettar til Filmvisning og tidskapsel-lukking: Generation Corona – tidskapsel

  1. Mån 1. nov kl 18:00 Litlesalen Ungdom Ope
Vis hele programmet
_
_
_