Filmmusikk med Bømlo Janitsjar

Filmmusikk-perler frå Bømlo Janitsjar med solistar

Fredag 1. november innleiar Bømlo Janitsjar ei helg i filmens teikn i Bømlo kulturhus. Det er duka for ein kveld med kjent og kjær filmmusikk. Då håpar me å fylla storsalen i kulturhuset med gjester som ynskjer å lena seg tilbake i stolsetet og lata seg begeistra av filmmusikk. Med eit variert program som spenner frå kraftfulle tonar frå Star Wars til gripande fløytesolo frå Schindlers liste, skal det vera noko å gleda seg over for ein kvar smak. Og kva med ei reise attende til Grease der me får høyra Sandy og Danny? Denne gongen med Anita Myhre og Steffen Sortland sine røyster. Korpskonsert er ikkje det same utan ein feiande flott marsj - frå Broen over Kwai får me Colonel Bogey marsj. Eitt av høgdepunkta denne kvelden vert Gabriellas sång frå Så som i himmelen. Kva andre filmar det vert musikk frå, er det berre å venta på i spenning til konsertstart!

Me har fått med oss Anita Myhre og Steffen Sortland som songsolistar, og orkesteret vil få el.-basstøtte av Frode Kvandal.

Anita Myhre vil og losa oss trygt gjennom kvelden som konferansier.

Dirigent er Håvard Kroka.

Velkommen til filmmusikk-konsert med Bømlo Janitsjar!

Billettar til Filmmusikk med Bømlo Janitsjar

  1. Fre 1. nov kl 20:00 300 kr   Storsalen Konsert Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_