Building Instrument

MARI KVIEN BRUNVOLL røyst, diverse elektronikk, perkusjon, zither

ØYVIND HEGG-LUNDE trommer, perkusjon

ÅSMUND WELTZIEN diverse tangentar


Building Instrument er ein Bergensbasert trio som blandar akustiske og elektroniske uttrykk i fargerike komposisjonar. Den musikalske reisa går frå catchy rytmar, via frie improviserte parti, til kjenslelada melodiar med eit filmmusikkaktig preg. Sidan starten i 2008 har dei innimellom ein travel kvardag sloppe 3 plater på plateselskapet Hubro. Tekstane er på moldenserdialekt, skrive av vokalist Mari Kvien Brunvoll, musikken lagar dei saman. Som band dannar dei eit unikt uttrykk – i låtane så vel som visuelt på scena –  som høyres berre ut som nettopp Building Instrument. 



Konserten blir arrangert i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter. 

Billettar til Building Instrument

  1. Lau 13. feb kl 15:00 250/150 kr   Storsalen Konsert Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_