Aldersgrenser

Frå 1. januar 2023 er det filmdistributørane som set aldersgrenser på kinofilmar. Aldersgrensa skal settast etter retningslinjene frå Medietilsynet.

Kva betyr aldersgrensa

Aldersgrensene blir sette etter ei vurdering av om innhaldet i filmen kan vere skadeleg for personar under den aktuelle aldersgrensa. Det blir ikkje tatt omsyn til om filmen passar for barnet. Slike vurderingar er opp til foreldra og dei føresette.


Klage på aldersgrensa
Publikum har ikkje rett til å klage på ei aldersgrense, men om du meiner at ein film har fått for høg eller for låg aldersgrense, kan du kontakte Norske Filmdistributørers Forening på e-post: [email protected]

Du kan også tipse Medietilsynet, som fører tilsyn med film- og kinobransjen. Send e-post til [email protected]. Dersom Medietilsynet vurderer at aldersgrensa ikkje er i samsvar med regelverket, kan tilsynet endre aldersgrensa.


Å ta med barn under aldersgrensa på kino
Vaksne har høve til å ta med barn som er yngre enn den aldersgrensa som er sett på filmen. Den vaksne må vere fylt 18 år og få lov av dei føresette til å ta med barnet på kino. Dette blir kalla regelen om følge (ledsagerregelen).

Alle barn kan gå på film med 6-årsgrense når dei er saman med føresette eller andre i staden til føresette. For aldersgrensene 9, 12 og 15 år kan du ta med barn som er inntil tre år yngre. 18-årsgrensa er absolutt. Ingen under 18 år kan sjå filmen, sjølv om dei er i følge med ein vaksen.

Kinoen har rett og plikt til å gjennomføre alderskontroll.


Ta omsyn til barnet
Hugs at barn og unge er ulike. Derfor skal du ta omsyn til kor modent kvart enkelt barn er, og kva tolegrense det har, når barna skal sjå film. Sjå gjerne trailerar og les om filmen i forkant.