Piratene! 3D (norske stemmer) SENIORUNIVERSITETET - Prost Svein Arne Theodorsen: Det gode samliv. Samlivsbyggjande tiltak Lorax - Skogens vokter (3D) SENIORUNIVERSITETET - Professor Leif Ole Manger: 2011 - eit skjebneår for Afrika og  Midtausten. We Bought a Zoo MOTOWN - the funky soul hits SENIORUNIVERSITETET - Professor Terje Tvedt: Om å sjå Sunnhordland i eit uvanleg perspektiv. Ei reise i vatnet si historie. Thale

FIVE MEN IN A BOAT

Ordinær pris:Kr. 250,-


DatoTidspunktPris v.Pris b.SalBillett
La 25. Febkl. 21:00250FoajeKjøp

Når fem markante folkemusikkartistar frå tre forskjellige land mønstrar om bord i samme båt, blir det bølger! Folkesangeren Frode Nyvold og verdensbergensaren Gabriel Fliflet er som nestorer å rekna i det norske folkemusikkmiljøet. Emmanuel Pariselle og Didier Oliver er blant Frankrikes fremste utøvarar innan tradisjonsmusikk og har eit enormt repertoar av sangstoff og dansemusikk, særlig frå den sørvestlige delen av landet.  Engelskmannen Richard Burgess i mange år har formidlet Storbritannias maritime sangskatt til norske publikummere.

Det er med andre ord nok å øse av når dei fem med sine særpregede stemmer setter felles kurs, På instrumentallåtene møtes bl.a. allehånde belger – trekkspill, torader og concertina – samt Didier Olivers eminente felespel. Five Men in a Boat har til saman ein formidabel kulturell ballast og stor formidlingsevne attpåtil.

Five Men in a Boat vart til i kjølvantnet av Vinterfestivalen på Rauland i 2008 og blei formalisert gjennom opptredenar på Nordsjøfestivalen i Farsund 2009. I mars 2010 hadde kvintetten ein liten turné i Sør-Norge (støtta av Norsk Kulturråd og Fondet for Utøvande Kunstnarar) med konsertar i Bergen, Flåm, Rauland, Oslo og Fredrikstad.

Five Men in a Boat slepp sin første CD i byrjinga av 2012, utgitt av Etnisk Musikklubb.

Five Men in a Boat er:

Frode Nyvold: song. - I tillegg til å vera fyrstelektor ved Høgskulen i Telemark med folkekultur som arbeidsfelt, er Frode Nyvold ein av Noregs framste folkesongarar med eit stort og unikt repertoar av særskildt maritime songer. Han vaks opp i Trøndelag, men hans familietilknytning til Sørlandet har vært viktig i hans arbeid for å bringja gløymte visetradisjonar fram i lyset. Hans CD ”Skjemt og sjanti” (1998) vart spelemannspris-nominert og vert stadig trukket fram av andre utøvarar som ei inspirasjonskjelde.

Gabriel Fliflet: song, trekkspel. - Verdsbergensaren Fliflet har begeistra, underhaldt og forbløffet publikummarar og kritikarar i flere tiår med sin eklektiske og grenselause haldning til tradisjonsmusikk. Han har spelt med mange storheitar innan bl.a. norsk, balkansk og shetlandsk, og er særskildt kjend for samarbeidet med Ole Hamre (Fliflet/Hamre). I seinare tid har hans soloprosjekt – både Rio Aga (2008), eit bestillingsverk for Osafestivalen, og Åresong (2011), eit bestillingsverk for Festspela i Bergen med Gabriels tonesettjing av tekstar av Jon Fosse, blitt til CDar som har fått kritikarar i inn- og utland til å henta fram superlativa. I 2011 vart Gabriel kåret til Årets Folkemusikar på Folkelarm.

Emmanuel Pariselle: song, torader, concertina, fløyter.
Ein profesjonell musikar siden 1975, Emmanuel har utviklet ein personleg stil på toradaren som tillet akkordakkompagnement og detaljert understøtting av melodiar og songar. Han er dirfor også ettertrakta som akkompagnatør. Ein kan høyre han i samspel med kjente franske utøvarar som Marc Robine, Christian Maes, Didier Oliver, gruppa La Bergère samt med internasjonale størrelsar som Mairtin O’Connor. Han har delteke på mange CD-ar og hans solo CD La Nonchalante, har hausta svært gode kritikkar i fransk media.

Didier Oliver: song, fela, mandolin, sekkepipe.
Didier Oliver er ein instrumentalist med eit breidt repertoar frå forskjellige tradisjonelle og nyare sjangera. Oliver har lang pedagogisk og scenisk erfaring innan tradisjonsmusikkfeltet. Han har arbeida særskildt med musikk frå dei oksitanske områda i sør-vest  Frankrike, både som utøvar og som forskar. Han har også sett seg inn i tradisjonsmusikk frå dei fransktalande områda i USA og Canada og i  folkemusikken frå dei britiske øyane. Didier Oliver er også ein av Frankrikes mest særprega songarar med eit stort repertoar på det oksitanske språket.

Richard Burgess: song, concertina, gitar.
Engelskmannen Burgess har budd i Noreg i over 30 år og formidlet sitt heimlands songskatt, særleg maritime songarar, gjennom mange opptredenar og fleire CD-utgivelsar både i Noreg og Sverige. Han ledar trioen Foghorn og er med i Doggerland – eit samarbeidsprosjekt  med svenske musikarar som resulterte i CDen med same namn i 2007 -  der han også utforska skandinavisk tradisjonsmusikk. Han er også ein kjend kåsør og kursholdar.

Five Men in a Boat er altså fem profilerte formidlarar med lang erfaring (alle er mellom 50-60 år gamle) som kvar for seg har ein rik kulturskatt å øse av. I tillegg har alle utmerka seg som gode sceneformidlarar.

FIVE MEN IN A BOAT