OLE BULL"Jeg bygger luftslott"
| Ordinær pris: | Kr. 195,- |
| Pris barn: | Kr. 95,- |
| Dato | Tidspunkt | Pris v. | Pris b. | Sal | Billett |
|---|---|---|---|---|---|
| To 30. Sep | kl. 19:00 | 195 | 95 | Storsalen | Kjøp |

Hordaland Teater presenterer:
OLE BULL: ”Jeg bygger luftslott”
Dramatisk historie om Ole Bull og hans unge kone Felicie
I 2010 er det 200 år sidan Ole Bull vart fødd. Hordaland Teater markerer dette med å legge ut på turne med ”Jeg bygger luftslott”, ei heilt ny framsyning basert på Ole Bull og hans næraste sine liv.
Medan Ole Bull klatra stadig høgare på stjernehimmelen, utvikla privatlivet hans seg til ein tragedie. Den unge fransk/spanske kona Felicie fekk aldri eit fullverdig samliv med Ole Bull, slik ho håpa på, og borna vaks opp under saknet etter far sin. Medan Felicie sat heime og vart meir og meir sjuk, triumferte Ole Bull i konsertsalane og kjempa for den norske kulturen sin framvekst ute i Europa og Amerika.
Regien er ved teatersjef Trond Birkedal og skodespelarane som er med på turneen er Anders Dale, Katrine Dale, Even Rasmussen, Astrid Koppen Mjanger og Arild Vestre. Framsyninga kjem til Bømlo kulturhus 30. september.








