SENIORUNIVERSITETET - Prost Svein Arne Theodorsen: Det gode samliv. Samlivsbyggjande tiltak Men in black 3 (3D) Tor med Hammeren Istid 4: Kontinenter på avveie (3D) The Dictator Kon-Tiki

Meld deg inn i jazz- og litteratur klubben!

Velkommen til Bømlo Jazz & Bokbad. Me er ca 40 medlemmer og ynskjer DEG velkomen som vårt nye medlem! Mange dyktige jazzartistar og forfattarar har lyst til å besøke oss!

Meld deg inn gratis ved å sende ein hyggelig epost til hanne.jacobsen@bomlo.kommune.no.

Arrangementene er eit samarbeid mellom Vikse, Bømlo Teater og Bømlo Kulturhus KF.

 

 

Under årets fyrste bokbadet, fredag 13 januar, får me besøk av forfattaren Roald Kaldestad og poeten Hamid Farooqi, begge med spanande og svært ulike forfattarprosjekt.

Roald Kaldestad frå Stord er kjent for mange blant anna som mannen bak bøkene om Heavykatten.  Kaldestad er og ein av bidragsytarane til «Trøysteboka», den  tredje boka i den prislønte serien med nyskrivne nynorske forteljingar. Dette er ei fargerik og kritikarrost bok om det å gje og få trøyst.  

Hamid Farooqi kjem frå Afghanistan, ein kultur der poesi er større enn romanar. Han har sjølv skrive fleire diktsamlingar på morsmålet farsi.  Farooqi er for tida busett på Bømlo og vil i samtale med kulturhusleiar Hanne Jacobsen snakke om diktsamlingane sine.

Fliflet/Hamre frå Bergen skal danne den musikalske ramma rundt kvelden. Dette er eit orkester som verkeleg er noko for seg sjølv. Med trekkspel og trommesett supplert med song, melodika og gryter, har Gabriel Fliflet og Ole Hamre skapt ein heilt eigen stil som har begeistra både publikum og kritikarar i de forskjelligaste miljø. Både folk med lakksko, bunad, svarte skinnjakker eller cowboyhattar lar seg villig førast rundt i deira fargerike hage! Kontrastane er store, men opplevinga heil.

 

 

Dette har skjedd.....

I 2010 hadde me vårt første arrangement med Mads Berven trio, forfatter Solfrid Sivertsen, intervjuer Kristine Sele og diktlesing av skuespeler Nina Sele. Det blei arrangert i samarbeid med Bømlo Kulturnettverk og vart ein stor suksess. Ein "voksenkveld" med lokalt forfatterskap, jazz og god stemning!

Lørdag 19. mars var det biografien om Moritz Rabinowits som blei presentert av forfattar Arne Vestbø i intervju med Kristine Sele. Sigurd Sele drog det heile igang med ein monolog frå Scenekraft si forestilling  Rabinowitz. Denne kvelden var me så heldige å ha to band, Lungom trio med Marte Eberson (ja ho ER dottera!), Bjørnar Kaldefoss Tveite og Hans Christian Dahlgaard og Hullyboo med Marius Hirth Klovning, Bjørnar Kaldefoss Tveite og Mads Mæland Jensen.

24 September 2011 vart forfattar og journalist Truls Horvei bokbada av Kristine Sele.
Horvei er ein poet midt i livet. Han skriv om det nære og personlege, og dikta kretsar om barndom og vaksenliv. Han har og bak seg to ungdomsromanar. Horvei hadde med seg tre musikarar, og gjengen kalla seg Moods of Horvei, som var tittelen på den nye boka som inkluderte ein CD. Under Bokbadinga spelte  Roy Ole Førland, lap top og synth, Roald Kaldestad, gitar og Jan Tore Ness, perkusjon.

 

Jazzfestivaler:

http://nattjazz.no/

http://sildajazz.no/

http://www.vossajazz.no/

http://www.moldejazz.no/2011/

http://www.kongsberg-jazzfestival.no/

http://www.montrealjazzfest.com/default-en.aspx