Halvdan Sivertsen – På tur opp og på turné

Om arrangementet

Ein av meisterane innan norsk visesjanger, Halvdan Sivertsen, får tydelegvis ikkje nok av å møta sitt store publikum. Og dei får ikkje få nok av han. No inviterer Halvdan til nye musikalske møter i konsert- og kulturhus over heile landet.

Med seg på vegen har Halvdan sitt faste band og crew, noko som garanterer at songane hans får den aller beste innpakninga. Frå det lyriske, vakre og lågmælte til heftig og rocka backing. Med mykje fleirstemt koring, og med lyd- og lysdesign frå øvste hylle.

«Bandet mitt er A-laget. Kunne ikkje ønska meg bedre musikarar. Dei bidreg med so mykje kreativitet, sjangerforståing og engasjement at eg aldri kjenner at konsertane blir rutineprega. Det skjer store og små musikalske overraskingar og nyansar på kvar einaste konsert, som sender smil oss imellom, og som publikum ofte får med seg. Dei registrerer bandet si unike speleglede og responderer på den. Av og til blir eg heilt rørt»
Halvdan

Sivertsen si liste over udødelege låtar er lang, så det er nok å ta av, og publikum vil ikkje bli skuffa. Og Halvdan kan melda om at bandet er spelesugne og gledar seg masse!

På scena: 
Halvdan Sivertsen  Vokal og gitar
Håvar Langaas Bendiksen Div gitarer og vokal
Terje Nohr Div gitarer og vokal
Trond Viggo Solås Bass og vokal
Johannes Winter Farstad Keyboards og vokal
Rune Mathisen Slagverk og vokal